Utskrift
Kategori: Uncategorised

Avtale om deltaking på Hardanger Trebåt- og Handversfestival 
mellom
utstillar / båteigar (heretter kalla utstillar) og offisiell arrangør
Hardanger Trebåtfestival SA, Org nr 980 374 610 (heretter kalla Htbf)

  1. Utstilllar er kjent med at Htbf er ein frivillig, idéell organisasjon som vert driven på dugnad.
  2. Htbf ynskjer kvalitet i vareutvalet og ynskjer å konsentrera seg om trebåtar, tradisjonshandverk, husflid, maritime produkt og utstillingsgjenstandar av veteran karakter. Difor tek Htbf seg rett til å prioritera utstillarar.
  3. Avlysing av festival, uansett grunn, gjev ikkje grunnlag for krav frå utstillar mot Htbf.
  4. Utstillar godtek at Htbf for å marknadsføra festivalen publiserer relevante opplysningar om utstillar i trykk og på internett.