Hitra KNM


 Haakonsvern
Påmeldt 2019
Hitra KNM
Påmeldt 2019
Hitra KNM
Påmeldt 2019
Hitra KNM
Påmeldt 2019
Hitra KNM
111 fots ubåtjagar/Shetlandsbuss
Eigar : Marinemuséet

KNM Hitra er ein av tre ubåtjagarar som den norske marinen fekk av USA i 1943. Det vart totalt bygga 878 slike ubåtjagarar, og fleire allierte land gjorde bruk av båttypen. I den norske marinen vart dei benytta av Shetlandsgjengen frå hausten 1943. Skipssjef på KNM Hitra var Ingvald Eidsheim. Etter krigen vart KNM Hitra satt inn i teneste som kystvakt og kystoppsyn fram til 1953 då ho vart lagt i opplag. I 1959 vart skipet seld, men vart i 1981 gjenoppdaga halvt nedsunke i Sverige. Ei pengeinnsamling for å berga ho vart starta, og i 1983 vart skipet heva og slept til Oma Båtbyggeri på Stord. På dagen 42 år etter den tyske kapitulasjonen i 1945, 8. mai 1987, vart det nyrestaurerte skipet overlevert Generalinspektøren for Sjøforsvaret. Ho var igjen eit marinefartøy med prefikset KNM, men oppgåvene var no av ein fredeleg karakter – som seglande museumsskip.

Specifications
BåtID : 8
Listing status: Påmeldt 2019
No location available
---

Please past text to modal